Alt oldemor kan fortelje

Eit sjarmerande møte mellom generasjonar - og for ei spretten oldemor!

Anna Fiske er ein imponerande produktiv teikneserieskapar, illustratør og forfattar som igjen er aktuell, denne gongen med bildeboka Oldemor. For eit barn kan det å vere gammal verke nokså ufatteleg, og det er kanskje endå meir ufatteleg at bestemor og oldemor også har vore barn ein gong. Aldersforskjellen mellom oldemor og oldebarn kan skape ein distanse, men ikkje i Anna Fiske sitt univers. Ho har nærast spesialisert seg på den gode relasjonen mellom barn og eldre, som til dømes i historiene om Anna og den herleg elleville farmora hennar som er full av sprø påfunn og går med hue heile året. Desse forteljingane var ein del av teikneserien Rabbel, men er utgjeven samla i bøkene Farmor og Jeg og Passe på en Puddel.

Med boka Oldemor har Fiske skapt ei sjarmbombe, og vi får æra av å bli kjend med nok ei fortryllande gammal dame. Rammeforteljinga er enkel. Lukas besøker oldemor på sjukeheimen, og boka spelar elegant på eventyret om Rødhette og Ulven. Lukas spør eller kommenterer noko ved oldemor: “Du har så skrukkete hender, oldemor!” “Oldemor, hvorfor har du så hvite tenner?”. Oldemor får deretter fortelje fritt. Hennar liv, med alle små og store gleder og sorger, blir tydelege for oss: “Ja, hendene mine er like gamle som meg. Hendene mine har holdt i så mye”. Lesaren får eit innblikk i noko av det oldemor har halde i gjennom livet: eit hoppetau i 1924, oldefaren til Lukas i 1930, hennar første barnebarn i 1968, men også små ekle og fine ting: “Jeg synes det er ekkelt å holde i mark som spreller, gammelt hår og klissete syltetøyglass. Solvarme steiner, selvplukkede blomster og plommer er fine å ha i hånda”.

Oldemor si fortid blir sprell levande og lesaren blir tatt med på ei tidsreise. Vi får oppleve kva beina hennar har vore med på, lese om fine og stygge lydar ho har høyrt i livet, sjå dei flottaste bursdagsgåvene ho har fått og dei mange hårfrisyrane hennar opp gjennom tidene. Sjeldan har eg blitt så glad i ein karakter på så få sider. Oldemor er ei bok som boblar av overskot, livsvisdom, varme og humor. Den særeigne teiknestilen til Fiske med den fargerike og leikne streken, er som skapt for denne boka. Mykje av personlegdommen til oldemor og humoren i boka kjem fram i illustrasjonane.

Boka avmystifiserer alderdom og gjer den meir handgripeleg for barn, og Lukas får svar på kvifor oldemor treng gebiss, rullator, høyreapparat og seng med heis: “Hvorfor går du med vogn, Oldemor? Jeg er redd for å falle når jeg går, og må ha noe å støtte meg til. Lurt!”

Det er ei ypperleg samtale- og høgtlesingsbok. Den hyllar levd liv og møter samtidig den unge, og den unge er også lesaren sjølv, som Fiske adresserer direkte med eit spørsmål nederst på kvart oppslag - utan at det blir for pedagogisk: “Hva har hendene dine holdt i? Hvilke lyder syns du er fine?”  Her vil det oppstå magiske lesestunder både for store og små.

Dette er eit sjarmerande møte mellom generasjonar, mellom oldemor som gladeleg fortel og eit sympatisk oldebarn som er nysgjerrig og lyttande. Eg smilte lenge etter at eg hadde lese boka om Lukas og den 90 år eldre oldemora, og eg skulle ønske at det var mogleg å bli med Lukas på besøk til oldemor neste gong også.

Publisert 19.10.2016, sist endret 22.10.2016 - 10:47
Side-alternativer